
Reint biologisk vart me menneske då me fekk vårt eige arvemateriale. Ein er menneske sjølv om ein ikkje er fødd, og det er ikkje påvist noko kvalitativ forskjell mellom fødte og ufødte barn.
Samtidig er det innan den humanistiske tradisjonen fleire som meiner at ein ikkje skal ta menneskeliv. Grunngjevinga for ikkje å gjera dette er som regel bygd på prinsipp. Dersom ein manglar dette prinsippet er det nok mange som fryktar for kva som kan skje.
Legg ein saman desse premissane skulle ein tru at menneske som ikkje er fødde skulle ha rett til å leva. Dette stemmer merkeleg nok ikkje. Oppsiktsvekkande mange vert fjerna før dei er fødde – og det er faktisk lovleg!
Årsakene til dette kan vera mange. Foreldra føler ikkje for å ta seg av noko unge, kanskje feilar noko den vesle eller det kan ha vore eit overgrep som har resultert i graviditeten.
Argumenta for unntak i prinsippet om å ikkje ta liv er altså at dei som allereie lever skal sleppa belastninga med ein unge. Det etiske valet står mellom velferda til menneske som allereie lever og livet til dei ufødde, som enno ikkje kan uttala seg.
Rundt 500 000 abortar er gjennomført i Noreg sidan 1978. Ser ein verda under eitt, er det utført over 40 millionar abortar kvart år dei siste åra. Det er jenter som er mest utsett for å få livet sitt betrakteleg forkorta på denne måten. I enkelte land har dette allereie fått demografiske utslag! Så av alle kvinnediskriminerande handlingar, er nok denne praksisen blant dei med størst konsekvensar.
Retten til liv er humanisme i praksis. Ved å stå fast på at mennesket har rett til å bli født, rett til å leva, forfektar ein noko av det humanisme handlar om. Mange som likar å kalla seg humanistar har ein tendens til å sjå mellom fingrane på denne retten.
No er det eingong slik at det å visa forståing er lettast overfor dei som ein kjenner. Ein har kanskje eit forhold til foreldra og ikkje til det ufødde barnet. (I spørsmålet om dyrs rettar, som eg er oppteken av, opplever eg at menneske lettare har forståing for familiens hund enn revar som sit i små bur og som dei aldri møter.) Parten med dei «sterkaste korta» får viljen sin.
Retten til liv er ein menneskerett som ikkje er sjølvsagt og som altfor få tør å ta til orde for. Det er i fleire tilfelle vanskeleg å setja born til verda. Særleg der borna er resultat av overgrep eller der borna ikkje vil leva særleg lenge likevel. Dette er uansett ikkje dei typiske tilfella, og det at spørsmåla er vanskelege etisk må ikkje vera ein sovepute som i praksis betyr at den gravide må sitja att og vera ansvarleg for umenneskelege val.
Det er ofte legar og helsepersonell som vert sett til å utføra abort. Ein kan spørja seg om ikkje desse heller bør prioritera å redda liv i eit hardt pressa helsevesen?
Det me treng er økonomiske midlar som syt for at dei uønska borna får ein god oppvekst, ein haldningsendring der ein ikkje lenger fornektar at dei ufødte blant oss òg er menneske (noko som er opplagd sett frå eit vitskapleg synspunkt) og ein politikk som tør å verna om det ufødte livet.
http://www.bt.no/meninger/Siste-seksuelle-tabu-1824833.html#.TzI0RsXa52A
http://www.verdidebatt.no/debatt/cat1/subcat8/thread247648/#post_247648
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar