mandag 28. mai 2012

Eit bærekraftig landbruk!

Ein er langt frå å ha eit bærekraftig landbruk i dag. Eit bærekraftig landbruk er kjenneteikna ved at det kan metta ei aukande befolkning utan at det tærer på ressursane og går ut over komande generasjonar. Det er eit landbruk som skal kunna brødfø 10 milliardar menneske – og det på sikt! Dette er truleg mogleg å få til, men det krev nokre kriterier:

Sjølvforsyning
Ein kan ikkje legga ned landbruket og satsa på å importera maten frå resten av verda. I ein pressa situasjon må ein dyrka maten der det er mogleg. Er ein sjølvforsynt, slepp ein òg unødvendig transport.

Unngå sprøytemidlar
Ein kan dyrka mat utan kjemiske sprøytemidlar. Dette er gjort i økologisk landbruk og var det einaste alternativet før. Sprøytemidlar, eller pesticider er gift som vert nytta for å drepa skadelege angrep av ymse slag, men virkar ikkje alltid like selektivt. Det òg slike stoff som er knytta til massedøden av europeiske bier. Det er uvisst korleis dei mange typane sprøytemiddel virkar inn på den menneskelege helsa på sikt. Lenkje om sprøytemidlar her

Naturleg gjødsel
Det er fleire måtar å gjødsla på. Ein kan bruka kompost, avføring og urin (som ofte no er eit problem i staden for ein ressurs) og ein kan nytta nitrogenfikserande plantar. Faren med kunstgjødsel er at næringsstoffa sig ut i naturen påvirkar det naturlege livet. Sjølve produksjonen av kunstgjødsel fører til utslepp av klimagassar og det fins heller ikkje ubegrensa mengder av grunnstoffet fosfor. I tillegg kan ein nemna transport av kunstgjødsel, som neppe går føre seg med fornybar energi.

Unngå kraftfòr
Kraftfòr er laga av mat som menneske heller kunne ha ete direkte. Det er dermed sløsing å gi dette til dyra. Dersom maten først skal gjennom eit dyr vil opptil 90 % av energien gå tapt på veien, så dyrehold er berre i få tilfelle god utnytting av dyrkbar jord. Dyrehold bør baserast på gras og bør produserast på areal som vanskeleg kan brukast til menneskelege matplantar.

Unngå fossile landbruksmaskinar
Maskinar som går på fossilt brensel kan aldri verta bærekraftige. Difor må landbruksmaskinane baserast på elektrisitet, bioenergi eller manuelt arbeid. Kan vera eg er litt gammaldags, men det er nesten ikkje å rekna for skikkeleg arbeid dersom det ikkje er gjort med handemakt. Me har ei befolkning som skrik etter fysisk aktivitet, så kvifor ikkje legga til rette for at desse skal få gjera noko nyttig?

Ja til biologisk mangfald!
Landbruket er truga av sterke kommersielle krefter som gjerne vil ha monopol på såkorn og dei viktigaste kulturplantene. Dei freistar å forby det dei sjølve ikkje sel og vil helst at matplantar skal vera sterile, slik at bøndene er avhengige av å kjøpa såkorn og liknande kvart einaste år. For å motvirka dette er det viktig å ta vare på gamle matplantar frå år til år og å dyrka dei fram sjølv. Meir om dette er å lesa her:  Får ikke ha rent mel i posen

Forutan det som er nemnd her, er det òg andre problematiske sider ved det nyare jordbruket, som bruk av genmodifiserte organismar og sprøytemidlar som «tvangsmognar» avlingane, t.d. glyfosat. Skal jordbruket atter verta berekraftig, må altså ein god del forandringar gjennomførast!

søndag 6. mai 2012

Maxløn - ein god idè?

Enkelte løningar er så høge at ein lurar på kva mottakaren eigentleg har gjort for å fortena den. Er det slik at desse lønsmottakarane jobbar ekstremt lenge eller har streva i årevis med utdanning? Ikkje nødvendigvis! Samanhengane mellom innsats og løn er ofte uforståelege – noko som er ei kjelde til misnøye!

Partiet Raudt kjem med eit interessant forslag: Å setja ei maksimum løn på halvannan million. Det første ein som er oppteken av rettferd er nok “Yess! Dette er verdig og rett!”. Ingen menneske treng meir - og beløpet er for høgt til å vera radikalt. Kanskje skulle grensa setjast lågare, som kr. 400 000,-?

Her er lenkja til forslaget til Raudt


Kva kan verta konsekvensane av maxløn?

Meir normal løn kan føra til mindre overforbruk og dermed betre miljø. Mottakarar av feite løningar kan freistast til å sløsa dette bort på flybaserte feriar, bilar og anna som kloden ikkje har godt av.

Motivasjonen til eigarane til ei verksemd vil svikta slik at det ikkje vert “økonomisk utvikling.” Så kan ein spørja seg om dette er eit mål i seg sjølv.

Motivasjonen vil i større grad verta knytta til sjølve oppgåva i staden for løna. Dersom ein er prega av ein materialistisk tankegang kan motivasjonen til ein jobb vera feil.

Dei som er styrtrike vil røma landet og verksemdene vil neppe betala meir enn maxløna dersom resten uansett går til skatt.

Verksemder og organisasjonar vil beholda meir pengar sjølve som dei slepp dela ut til overbetalte ansatte.

Verksemder får lettare fleire eigarar som er motiverte til å investera når “motivasjonen” i form av utbytte vert fordelt på fleire. Slik kan arbeidarane sjølve lettare verta medeigar i fabrikken/firmaet i staden for at ein sit med alle aksjane.

I enkelte tilfelle er folk så pengegriske at dei arbeider meir ein dei har godt av. Dette kan gå ut over helse og familieliv. Ved ei maxløn vil dei sleppa å vera slavar av sitt eige pengebegjær!

Eit alternativ til maxløn kan vera høg toppskatt, der motivasjonen til å tena meir er til stades, samstundes som fellesskapet faktisk får ta del i store delar av den overbetalte løna.

fredag 6. april 2012

Kva kan rettferdiggjera drap på dyr?


Dei fleste er sjølvsagt mot dyremishandling, men når det kjem til drap av dyr, er det mange som ukritisk samtykkjer! Argumenta er mange, men få er haldbare. Mange ser ikkje alvoret i å ta liv. Mange har svekka sine eigne evner til å setja seg inn i andre dyr sin situasjon, eller dei er oppvaksen i ein kultur som har svekka eins evne til å tenkja kritisk.

Menneske og dyr er svært like. Ein må då stilla seg spørjande til at våre etiske standardar skal amputerast - slik at desse berre gjeld vår eigen art?! Etiske val må òg gjelda handlingar retta mot dyr. Når døden inntreff vil ein reagera temmeleg likt anten ein er elg, sporv eller menneske. Forskjellen er at dyr ikkje kan trygla og be for livet.

Barn, som heller ikkje har utvikla verbal språkbruk, vil nok reagera dersom ein slår i hel lammet det nett har kosa med eller kyllingen dei heldt i handa. Dei menneskelege instinkta seier nei til drap av dyr!
Ein kan likevel sjå for seg enkelte tilfelle der det kan vera rett å ta livet av medskapningane våre:

Barmhjertighetsdrap: Dersom dyret lir av varige smertefulle skader eller sjukdommer. Dette skjer gjerne når dyra vert gamle, er skada av trafikk eller rett og slett er trakka på.

Forsvar: Dersom dei utgjer eit trugsmål mot liv og helse. Døme kan vera farlege dyr som går til angrep på ein, eller utgjer ein potensiell fare. Indirekte kan dyr gjerne truga hus eller avlingar, slik som rotter i kjellarar og insektangrep på frukt.

Oppretthalda likevekta i naturen. Dette er eit argument som er særleg brukt blant jegerar. Kor haldbart argumentet er har eg høyrd ulike meiningar om. Jegerane har ofte andre motiv enn dette – og som går i retning eigen vinning. Stundom fører fangst og fiske til at bestandar ikkje lenger klarar seg. Naturen er kompleks og har gjerne evne til å koma inn i ei økologisk likevekt utan menneskeleg ”hjelp”.

Næring: Dersom det er naudsynt å eta dyra for å få nok næring. Det har vist seg at dette er eit kjærkome, men sjeldan reelt argument. Det har vist seg at ein kan ha god helse utan å fortæra dyreskrottar så lenge ein har alternativ mat. At det var naudsynt i steinalderen å gå på jakt er eit argument som ikkje held i våre dagar.

Dette å definera dyr som ei gruppe som ikkje har rettar og som ein kan behandla som ein vil, er ein farleg tankegang. Før tenkte ein slik om andre menneskegrupper òg – og det vart sett på som normalt. Historia forandrar seg stadig – heldigvis i nokre tilfelle òg til det betre!

«Religionskritikk»


Ofte irriterer det meg å vera vitne til billeg såkalla «religionskritikk», der det vert påpeikt kor mykje gale som er gjort i Guds namn, korleis korsfararane drap, og heksebrennarar herja. Så er det liksom «oss kristne» som har gjort det. Slike samanlikningar er tåpelege og er som å skulda ein tilfeldig ateist for Stalins masseavrettingar – «han var jo ateist».

Noko anna som er plagsamt er dei som set all religion i same kategori og som kritiserer «religion» som noko farleg – «Det er jo ein årsak til krig – berre sjå på desse galne islamistane». Dersom ein har fullført barneskulen har ein kanskje fått med seg at det er ein viss forskjell på ulike religionar? – Og at det innan ein religion òg kan vera forskjellar? Og kva om ein tek med andre livssyn og tankemønstre? Kan ein då seia at «livssyn er destruktive saker – berre sjå kva fascistane dreiv med?»

Skal ein først stilla spørsmål om kristendommen bør det vera på eit litt djupare plan, som:

- Kvifor gjer ikkje Gud seg til kjenne på ein tydelegare måte dersom han vil at me skal tru?

- Kva er meint med at han er «kjærleik» når han tillét mykje vondt – i dette livet og i følgje nokre tolkingar òg etterpå?

- Har Guds allmakt innflytelse på viljen til menneska eller strekk ikkje makta til her?

- Korleis kan me vera så sikre på at Bibelen er inspirert av Gud – han har då tillate at mange skrifter eksisterer?

Når ein først skal vera kritisk, kan ein heller ikkje godta ateistiske tesar som sanne. Dei som kallar seg «skeptiske» er ikkje alltid like skeptiske til slikt, har det vist seg. Når det gjeld overnaturlege fenomen vil «skeptikarane» heller bortforklara enn å tilstå det uforklarlege! Dette er eit utslag av eit primitivt behov for å forstå alt. Eg er nok sjølv for skeptisk til å vera ateist. Det er for enkelt! Dersom ein ikkje forstår noko – skal ein då avvisa det og slå seg til ro med at det er oppspinn?

Tilværet er for komplisert og det er opplagt meir enn ein kan forstå mellom «himmel og jord». Eg er kritisk til det meste, inkludert «lettvinte» og unyanserte løysingar som påstanden om at det ikkje finst noko gud.

Eg får skriva som Ivar Aasen: «Vetle vitet strekk ikkje til, ei tru må stydja uppunder».

tirsdag 20. mars 2012

Innvandring


Folketalet i Noreg har passert 5 millionar og mykje av folkeveksten kjem av innvandring. Mange meiner høg innvandring fører til ei viss destabilisering av samfunnet.

Då er det kanskje viktig å sjå på kva som er årsakene til innvandringa. Til dømes følgjande:

- Høge lønningar og eit godt utbygd velferdssamfunn (grunna olje/gass)
- Norske arbeidstakarar vert utkonkurrert av utlendingar med mindre krav (grunna olje/gass)
- Avtalar med EU som sikrar fri arbeidsinnvandring i dette området
- Finanskrisa, som kjem av eit kapitalistisk system som er kome ut av kontroll
- Flyktningar frå krig (Noreg bidreg til dette både direkte og indirekte)
- Eit klima som vert verre (Noreg bidreg til dette)

Ser ein på årsakene til innvandringa er det jo merkeleg at dei same menneska som er klart mot innvandring som regel sympatiserer med parti som bidreg til høgare innvandring..! Er det dei eller eg som har misforstått noko her?

tirsdag 13. mars 2012

Eit firedelt merkesystem for varer



Slik det er no kan produsentane velja å nytta merkeordningar dersom dei vil godkjennast som «økologisk» eller «rettferdig». Dei varene som er urettferdige eller som er fulle av sprøytemiddel er derimot ikkje merka!

Varer som hovudsakleg er produsert i Europa er som regel ikkje merka som FairTrade, ettersom ein reknar med at europeiske arbeidarar har fått nok betalt. Då gidd ein ikkje betala for å merka vara.

Systemet eg presenterer her er ei merkeordning som kan gjelda alle varer. Frukt som er full av sprøytemiddel bør ha ei åtvaring om dette, og dersom kaffien er urettferdig bør kundane få klar beskjed om dette. Eg ser for meg eit 4-delt merkesystem:

1) Vara bør merkast «rettferdig» dersom alle i produksjonskjeden har fått ei viss løn og «urettferdig» dersom dette ikkje er tilfelle.

2) Vara bør merkast «økologisk» dersom det ikkje er brukt sprøytemidlar eller kunstgjødsle i produksjonen. Dersom dette derimot er brukt, bør det stå på vara.

3) Dersom vara er animalsk bør det komma fram korleis forholda til dyra har vore. T.d. «egg frå burhøns» eller «mjølk frå fjøs med lausdrift». Er det reine planteprodukt kan det òg nemnast.

4) Det bør innførast ein skala som seier noko om klimautsleppa som er knytta opp mot vara. Enkelte varer er produsert langt borte og produksjonen kan ha vore meir energikrevjande enn me er i stand til å vita noko om.

torsdag 8. mars 2012

Paranormale fenomen!


Englar, spøkelse og helbredelsar! Dei fleste kjenner nok nokon som har opplevd eit eller anna som har med dette å gjera. Heilt frå gammalt av har paranormale fenomen eksistert.

Mange eg kjenner har fortalt om spøkelse, men i det siste har ei ny kjelde til slike historier dukka opp: Dei som har fylgd med på «Åndenes makt» på TVNorge vil kunna forstå at fenomena er nokså vanlege. Det er likevel ikkje klart enno kva desse fenomena faktisk er. «Teorien» om at det er dei daude som går att passar i mange, men ikkje alle tilfella. Ein teori om at det er «onde åndar» er heller ikkje svært sannsynleg og «forklaringa» som seier at alt er bedrageri eller hallusinasjonar er heller absurd.

Englar har fått mykje merksemd i media i det siste. Det som er irriterande er at media har ein tendens til å fleipa det bort og freista å latterleggjera i staden for å trykka dei mange historiene som finst der folk har møtt englar.

Helbredelsar er heller ikkje noko ukjend fenomen. Eg har høyrd talrike historier om vellukka og oppsiktsvekkande helbredelsar og då særleg knytta til bøn. Som kjent er ikkje alle forsøka på læking vellukka. Media viser likevel ofte ein overdrive skepsis i møte med lækjedom via bøn. Kanskje dei er redde for å verta oppfatta som kristne?

Lite vellukka forsøk på læking fins diverre på sjukehusa òg, utan at legane vert møtt med tilsvarande skepsis. (Hadde denne skepsisen nådd legane hadde det nok ført til litt mindre ventetid i denne helbredelsesanstalten.)

Desse fenomena bør forskast meir på! Eg har mistanke til at forskarar har bestemt seg for at slike fenomen ikkje finst, og dermed har innteke ei dogmatisk og «religiøs» oppfatning av verda. Dei har definert bort dei mest interessante delane av virkeligheten og står tilbake med litt naturfag og elles menneskeskapte fenomen som språk og kultur.

Denne sneversynte måten å tenka på skuldast gjerne såkalla skeptikarar. Dette er menneske som har bestemt seg for korleis verda er skrudd saman og vil ikkje vita av noko anna. Dei kan seiast å vera forkledde misjonærar for det profan-materalistiske livssynet.

Det er kanskje redsla for hån og latter frå desse som gjer at vitskapsfolk lukkar auga for å forska på noko som kan føra til betre skjøn for andelege og metafysiske fenomen!